tirsdag 16. mars 2010

China here I come!

Etter ein heftig intensiv dag med masse feltarbeid og toppa med japansk bad (herleg) og sushibar med samleband er det på tide å pakke. Desverre er tida vår i Japan over. Må sei eg ikkje klarar å lata vera å vera litt lei meg. Har VERKELEG fått sansen for dette landet! MEN, det store plusset er at Kina står for tur, noko eg trur blir fantastisk det òg! Det er mest sannsynleg at dette blir mitt siste blogginnlegg frå denne turen, sidan rykte fortel meg at både facebook og blogg er banned i Kina. Det går ann å lesa det andre skriv der, men ikkje publisere noko på eiga hand. Trist. Menmen. Viss nokon treng/vil ha uppdate er det berre å maile meg på marit_neset@hotmail.com, det er i det minste lov!

Peace'n løv =)
Marit

mandag 15. mars 2010

Fridag!

I går hadde me vår fyrste fridag etter at me kom hit. Den gjekk for meg og Torill med til soving, slækking og shopping. Herleg dag! Shoppinga her i Japan er heilt fantastisk (desverre for budsjettet...) I tillegg var veret kjempefint! Det var den fyrste dagen med strålande sol og temperatur som gjorde det behageleg å gå med t-skjurte ute. Appropo shopping; prisan er slik som i noreg, kanskje litt billigare, og eg enda opp med nokre kupp, som etter mine berekningar i det minste skal vera inn i Noreg i år 2014 ;) Det var nokso artig når Bård fortalde oss at når han var her i 2006 gjekk alle jentene i støvlettar til over knea... Med andre ord, fashiontips for dei som likar å vera forut for si tid; her går det i ljost skinn, ljos dongeri, miniskjørt, shorts, støvlettar, blomar, blonder, snekkerbukser, shortsar som ser ut som skjørt og snekkarbukse/shorts. Romantisk for alle penga. Får reint mindreverdighetskompleks her me går alle mann, japanske damer er stæsja, strigla og stilige som få!

Me fann eit kjempebra bakeri og nytte morgomaten i soli =)

Mitt nye sikleobjekt nr 1 som eg klara å motstå...

Eg synes det var deprimerande å prøve klede i Japan heilt til eg såg storleikstabellen deira!


PS: ingen høgdeforskjell, nei då! ;)

Barnehage og sumo!

I dag har det vore japansk, kristen barnehage, evalueringsmøte og sumoturnering. Eg let bileta frå barnehagen snakke for seg sjølv! =)=)=)
Akkurat passleg store dobåsar =)


Det var moro å få besøk der dei kunne bruke engelsk-frasene sine! Finfine songopptrednar frå dei ulike aldersgruppene fekk me også =)




Den skal tidleg krøkast...


Sumoturneringa var over all forventing! Blei nesten litt småhekta! Ei mini-innføring: turneringane varer i 15 dagar; alle brytarane har ein kamp kvar dag. Dei er dela inn i 2 lag; aust og vest, 15 per lag. I tillegg er dei dela inn i "ligaar". I den beste er det berre ein som er god nok no, men alle kjemapr mot alle. Har du fyrst kome deg til den øverste ligaen, men byrjar å tape kampar må du leggje opp. Det er nemleg ikkje mogeleg å rykke ned i ligaane derifrå. Poenget er, som sikkert dei fleste veit, å få ein av dei andre sine kroppsdelar i bakken eller å få motstandaren ut av ringen. Opphøgninga dei kjempar på er ca ein meter høg, slik at av og til tumlar dei utfor der, og er du heldig å sit på 1. rad risikerar du å få 150-200kg sumobrytar oppå deg ;) Nokon av brytarane veg over 250 kg, det er ingenting som heiter vektklasser, men å vera så tung er ikkje alltid ein fordel. Det som var litt pussig var at det i denne erkejapanske nasjonalsporten var opp til fleire utlendingar blandt desse 30 beste me såg. Det er ein del gode i Mongolia, og ein var frå Estland! Pussig. Eg blei rive med av stemninga og enda opp med å kjøpe kjøleskåpmagnet med min favoritt-sumo; Yokozuna Hakuho, verdas beste sumobrytar. Eg måtte sjølvsagt også posere med han ;)

Itte no knussel!


Torill, eg og Camilla kosar oss

Lagopstilling med alle bryterane frå vest

og frå aust. (Det beste laget)


God stemning. Japans svar på Kollen =)

Det er ikkje alltid like lett å forstå resultatstavla...?

Hakuho vann som forventa dagen i dag og vise her fram "pokalen"

lørdag 13. mars 2010

Hiroshima

I dag gjekk turen til Hiroshima. Etter bussing, trikking og hurtigtoging kom me fram til denne fine byen. 1. stopp på programmet var naturleg nok Hiroshima peace memorial museum. He var det masse bilete og informasjon om byen før, under og etter atombomba, modellar av byen før og etter, gjenstandar som hadde "overlevd" bomba, om det politiske oppkjøret fram mot bomba osb. 200 000 døyde av sjølve bombenedslaget og av etterverknadar grunna stråling. I ein radius av 3km rundt der bomba eksplodera blei 90% av alle bygningar sletta med jorda. Ei bygning i sentrum stod att.



Me gjekk forbi bygninga på veg til museet. Det var tidlegare ein teknisk høgskule.


Det er anlagt ein "fredshage" framfor musset som du ser i bakgrunnen.



Det mest spesielle på museumet var eit foredrag med ei japansk dame som hadde overlevd bomba. Me var så heldige at me fekk vera med på dette, sidan ei gruppe amerikanske studentar hadde fått sett det i stand. Å høyre ho forteje om bombenedslaget og tida etterpå var heilt uverkeleg. Mange av skildringane var direkte forferdelege. Som ho sa; det var som å vera i helvete. Dei mennesklege lidingane var enorme og effektane av bomba var grusame. Den rørande historien om korleis faren hennar fant ho den 3. dagen etter bomba og etter å ha leitt gjenom ørten brente lik gjorde inntrykk. Etter den usannsynlege gjenforeninga var det dessto verre at faren døydde av kreft berre eit år ettepå grunna all strålinga han hadde blitt utsett for ved å leite etter dotra. Fytti.

Den T-forma broa som var siktepunktet for bomberane


Straks etter bomba fall starta innbyggjarane oppbygginga av byen. Sidan dette . var den fyrste atombomba bruka mot menneske visste ein liten om etterverknadane.
Strålinga har ført til skyhøge antal krefttilfelle. I dag er byen ein vakker og trygg by.


Som ein nokso stor kontrast reiste me etter museumsbesøket ut til øya Miyajima med ferje, som er "one of the scenic big trio in Japan" saman med Mt. Fuji og nokre spesielle fjellformasjonar ut ved austkysten. Her ligg eit Shintotempel og ein heilag tempelport ute i sjøen. Grunna at me mista eit tog på veg til Hiroshima og ein trikk kom me ut dit akkurat til å sjå nedgangen. Iskald bergening av vår kjære reiseleiar Svein ;)

Ida er blid og fornøgd under ferjeturen ut til Miyajima =)

Søren, det blei visst litt rotera. Gidd ikkje å snu det.... Me ser her delar av tempelet med den tilhøyrande pagoden (den typisk kinesiske bygninga til venstre) og tempelporten som er på land.

Fin utsikt og natur på veg over

Det var masse tamme dådyr som traska rundt



Bård Hauge; ein av våre to flinke reiseleiarar her i Japan og påtroppande rektorpå Danielsen Gymnas i Bergen =)


Veronica posar som få kan ;)

Det gjer også mi kjære romveninne Torill

Tittei!

Eg og Marie sat på toget heim og lura litt på kva som deinerar om noko er ein boks eller ein flaske. Dette eksemplaret er i metall og ser ut som ein boks med untak av tuten og skruvekorken. Hmmm...?

Til slutt måtte eg slengje med eit bilete av dette herlege paret me møtte der! Legg spesielt merkje til platåskoene, bollesveisen og den obligatoriske japanske victory-posen. Herleg =)

mandag 8. mars 2010

Heisann! Merkar at 12-16 timar lange daging med trasking og liknande klarar å drepa sjølv den største bloggelysten! Me har med andre ord eit veldig intenst, men utruleg spanande og innhaldsrikt program her i Japan. Det faktum at det av ein eller annan merkeleg grunn er så og seie umogeleg å laste opp bilete gjer det desto kjedelegare å blogge. Men, her er i alle fall nokre frå det fyrste tempelet me var i, frå dagen me var i Kyoto. Tempelet var Buddhistisk, men hadde også ein del shintoistiske (tradisjonell japansk religion) heilagdomar inne på området ;







Det er viktig å ta av seg skoene både i tempel, men og i dei fleste andre bygningar som heimar, resturantar, møtelokale osb.





Slik elles storkosar eg meg, å prøvar å i det minste å skrive litt updates og kanskje litt bilete på facebook sidan bloggen er litt dysfunksjonell. Håpar alt står bra til i det vene Noreg med dykk alle!

lørdag 6. mars 2010

Dag to nærmar seg slutten, og me har fått gjort og opplevd veldig mykje. Sikkert av begrensa interesse å høyre i detalj, men en nemner i fleng; jordskjelvmuseum, trasking og handling i ei 2 km lang innadørs handlegate, japansk gudsteneste, kyrkjemat (suppe og ris) og sushi-eting, frappe på starbucks, shopping (mest av varianten vindus ;o) ), tofu og nuddelsuppe, omvisning i byen og havna.

Kobe tower til venstre. Det kvite skjelettet litt til høgre var eit sjøfartsmuseum (viss eg hugsar rett...)


Må berre få sagt et; makan til kult land! Eg elskar alt med Japan som eg har opplevd så langt! Folk er trivlege og lette å få kontakt med utan å vera innpåslitne, her i Kobe klimaet er litt varmare enn i Noreg (ein del varmare på denna årstida), byen har rein luft, og er ryddig og rein, shoppinga er ”desverre” kjempebra, utruleg masse trendy og kult kledde folk, masse fine blomar overalt, fin natur, spanande og veldig annleis kultur generelt på mange område, samstundes som mykje er likt. Td er det letta å tabbe seg ut skal ein ta bussen; ein går på bussen bak, av framme, og betalar når ein er ferdig med bussturen! Dessutan er dei orange seta er for eldre, gravide og handikappa. Jammen godt me har med erfarne ”turleiarar” som har budd mange år i Japan! ;)

På detta innlegget var meininga og vega opp for teksten med masse bilete, men av ein eller annan grunn har dataen min bestemt seg for at det skal ta ein time og laste opp kvar av dei veldig komprimera bileta, i motsetnad til feks på romveninna mi, Torill, sin blogg. Bu. Sjekk forresten gjerne ut hennar blogg på: http://lillekinder.blogspot.com/ =)

fredag 5. mars 2010

Japan baby!

Sit no på mitt flotte hotellrom i Kobe, Japan. Prøvar iherdig å narre kroppen min til at det er leggetid (8 t tidsforskjell), så får bli ein rask update. I dag, eller er litt forvirra ang døgn, men i alle fall sidan eg reiste i går har eg:
  • Ete isbitar med spisepinnar (man tager hva man haver)
  • Kjøpt meg blå mini-pc (i Bergen rett før avgang rettnok)
  • Vore på reisefot og i lufti i 30 t minus 8 t tidsforskjell
  • Lært meg å skrive stor mann med japanske teikn (kjekt å kunna!)
  • Testa ut sminkefunksjonen på kameraet mitt (både eg og Torill såg rimeleg photoshoppa ut)
  • Fonne ut at forkjøla personar i Japan går med munnbind
  • Prøva do med oppvarma sete, spyling og eigen nedskylingslyd-funksjon for dei sjenerte med nokon i nabobåsen, og automatisk nedskyling når ein set seg på skåla! Makan til high-tech!
  • Landa i både København og Beijing
  • Funne ut at det er litt vanskeleg å laste opp bilete på bloggen med internettet på hotellromet
  • Hatt det stort sett fint, men litt kjedeleg
Då va sengi neste!
Peace out!