fredag 5. mars 2010

Japan baby!

Sit no på mitt flotte hotellrom i Kobe, Japan. Prøvar iherdig å narre kroppen min til at det er leggetid (8 t tidsforskjell), så får bli ein rask update. I dag, eller er litt forvirra ang døgn, men i alle fall sidan eg reiste i går har eg:
  • Ete isbitar med spisepinnar (man tager hva man haver)
  • Kjøpt meg blå mini-pc (i Bergen rett før avgang rettnok)
  • Vore på reisefot og i lufti i 30 t minus 8 t tidsforskjell
  • Lært meg å skrive stor mann med japanske teikn (kjekt å kunna!)
  • Testa ut sminkefunksjonen på kameraet mitt (både eg og Torill såg rimeleg photoshoppa ut)
  • Fonne ut at forkjøla personar i Japan går med munnbind
  • Prøva do med oppvarma sete, spyling og eigen nedskylingslyd-funksjon for dei sjenerte med nokon i nabobåsen, og automatisk nedskyling når ein set seg på skåla! Makan til high-tech!
  • Landa i både København og Beijing
  • Funne ut at det er litt vanskeleg å laste opp bilete på bloggen med internettet på hotellromet
  • Hatt det stort sett fint, men litt kjedeleg
Då va sengi neste!
Peace out!





1 kommentar:

  1. Hei Marit!
    Så moro at du har fått deg blogg att. Eg gledar meg til å høyre om ny opplevingar i Japan og Kina! Det vert kjempe spanande.
    Kos deg mykje. Eg deg kvalm på SUHI og teryiaki ckicken. Yndlingsmaten min for tida!
    Peace and love:)

    SvarSlett