lørdag 13. mars 2010

Hiroshima

I dag gjekk turen til Hiroshima. Etter bussing, trikking og hurtigtoging kom me fram til denne fine byen. 1. stopp på programmet var naturleg nok Hiroshima peace memorial museum. He var det masse bilete og informasjon om byen før, under og etter atombomba, modellar av byen før og etter, gjenstandar som hadde "overlevd" bomba, om det politiske oppkjøret fram mot bomba osb. 200 000 døyde av sjølve bombenedslaget og av etterverknadar grunna stråling. I ein radius av 3km rundt der bomba eksplodera blei 90% av alle bygningar sletta med jorda. Ei bygning i sentrum stod att.



Me gjekk forbi bygninga på veg til museet. Det var tidlegare ein teknisk høgskule.


Det er anlagt ein "fredshage" framfor musset som du ser i bakgrunnen.



Det mest spesielle på museumet var eit foredrag med ei japansk dame som hadde overlevd bomba. Me var så heldige at me fekk vera med på dette, sidan ei gruppe amerikanske studentar hadde fått sett det i stand. Å høyre ho forteje om bombenedslaget og tida etterpå var heilt uverkeleg. Mange av skildringane var direkte forferdelege. Som ho sa; det var som å vera i helvete. Dei mennesklege lidingane var enorme og effektane av bomba var grusame. Den rørande historien om korleis faren hennar fant ho den 3. dagen etter bomba og etter å ha leitt gjenom ørten brente lik gjorde inntrykk. Etter den usannsynlege gjenforeninga var det dessto verre at faren døydde av kreft berre eit år ettepå grunna all strålinga han hadde blitt utsett for ved å leite etter dotra. Fytti.

Den T-forma broa som var siktepunktet for bomberane


Straks etter bomba fall starta innbyggjarane oppbygginga av byen. Sidan dette . var den fyrste atombomba bruka mot menneske visste ein liten om etterverknadane.
Strålinga har ført til skyhøge antal krefttilfelle. I dag er byen ein vakker og trygg by.


Som ein nokso stor kontrast reiste me etter museumsbesøket ut til øya Miyajima med ferje, som er "one of the scenic big trio in Japan" saman med Mt. Fuji og nokre spesielle fjellformasjonar ut ved austkysten. Her ligg eit Shintotempel og ein heilag tempelport ute i sjøen. Grunna at me mista eit tog på veg til Hiroshima og ein trikk kom me ut dit akkurat til å sjå nedgangen. Iskald bergening av vår kjære reiseleiar Svein ;)

Ida er blid og fornøgd under ferjeturen ut til Miyajima =)

Søren, det blei visst litt rotera. Gidd ikkje å snu det.... Me ser her delar av tempelet med den tilhøyrande pagoden (den typisk kinesiske bygninga til venstre) og tempelporten som er på land.

Fin utsikt og natur på veg over

Det var masse tamme dådyr som traska rundt



Bård Hauge; ein av våre to flinke reiseleiarar her i Japan og påtroppande rektorpå Danielsen Gymnas i Bergen =)


Veronica posar som få kan ;)

Det gjer også mi kjære romveninne Torill

Tittei!

Eg og Marie sat på toget heim og lura litt på kva som deinerar om noko er ein boks eller ein flaske. Dette eksemplaret er i metall og ser ut som ein boks med untak av tuten og skruvekorken. Hmmm...?

Til slutt måtte eg slengje med eit bilete av dette herlege paret me møtte der! Legg spesielt merkje til platåskoene, bollesveisen og den obligatoriske japanske victory-posen. Herleg =)

2 kommentarer:

  1. Ser ut som du får laste opp bilde no i alle fall... Det er bra! Ser ut som at det nye kameraet fungerar godt og.

    God tur vidare og fortset blogginga!

    Andres

    SvarSlett
  2. Rappa dataen til Torill litt, og den klarar å leggje ut bilete. Du he ikkje peiling på kvifor min data ikkje klarar det?

    Bli meir og meir fornøgd med det ja! =)

    Alt væl heime?

    SvarSlett